Kontaktperson
Gro Sørgard
DEN USYNLEGE KRAFTA
av Gro Sørgard
2026 Kolofon, Innbundet, Nynorsk
- Kjære alle vener, både nære og meir perifere!
For det fyrste: Ei varm takk til alle som har kjøpt boka mi!
Du vart kanskje overraska over kor open eg har vore i det eg har fortalt mellom to permar.....? 📖
For meg var det ingen annan måte å skrive på. Eg måtte kle av meg inn til beinet og tore å vere sårbar. 💟
Det var som å kaste seg ut på djupt vatn utan å kunne symje, men eg har latt ver og vind og straumar føre meg, og eg er komen trygt på land!
Eg hadde to mål med skrivinga mi:
1. Å skrive meg ut av ting eg strevde med i livet mitt💔
2. Å kunne gje noko til andre, til menneska rundt meg.![]()
Eit større publikum kunne kanskje bli inspirert av refleksjonane og tankane mine til å "ta tak i eige liv".💫
Slik det kjennest no, har eg lukkast med begge måla mine.
Gjennom denne prosessen har eg fått ein underleg fred i hjarta, og reaksjonane har vore mange og varme, - til dels frå uventa hald. Eg har hatt samtaler med nære vener og med menneske eg ikkje har snakka med på mange år. Det er ufatteleg kor like vi alle er, og kor mykje vi alle går rundt og tumlar med......for oss sjølve!!
At orda mine har vore ein katalysator, er både rørande og godt, og eg er berre djupt takksam og veldig audmjuk. 💖
Av tilbakemeldingane skjønar eg at dette er ei bok folk vil eige sjølve, og ikkje låne av andre. Eg er derfor så frimodig at eg ber deg (som alt har lese boka)om å anbefale ho til andre slik at fleire kan diskutere og snakke om dei tema eg tar opp.
Vi lever i ei turbulent tid, og mange uroar seg for morgondagen. Mi overtyding er at dersom vi kan finne fred i oss sjølve og ha ein trygg ståstad, kan ingenting øydeleggje livet vårt. Dette gjer vi m.a. ved å vere ærlege, sanne og ekte i alt vi gjer.
Eg tillet meg å gjengje ein del utsegner om boka mi:
- sterk lesing, skriv levande og godt
- kjenner meg veldig godt att i det du skriv
- dette set i gang mange prosessar hos lesarane
- du har ordet i di makt
- kunne ikkje leggje frå meg boka
- daglegdagse episodar flettar seg inn i noko større, noko universelt.
Det er uvant å sitere slikt om meg sjølv, og eg er djupt rørt. Vonar du kan dele dette med dine vener.
Hjarteleg takk!
Gro Sørgard
gro.sorgard56@gmail.com
909 58 612